21.5.10

Russetid: Eit samandrag

Sånn, ferdig med hovudmålseksamen. No kan eg blogge igjen.

Eg har vore russ i år og det har vore gøy. Enkelt og greit. Festlig dei gongene eg var ute. Men ikkje så mykje meir enn det. Eg ser folk som græt og ikkje veit kva dei skal ta seg til no som dei ikkje kan stå under ein motorveg i regnet og drikke øl lenger, no som ein ikkje kan hoppe opp og ned til musikk som seier uhntz uhntz, og ein ikkje har noko orsaking for å gjere ein haug dumme ting lenger. Eg ... Ja, eg skal ikkje seie meir om den saka. Eg berre håpar livet har meir å by på. Noko anna ville vore sørgelig.

Russetida har gitt meg:
  • Ein håndfull koselege utekveldar
  • Ein keisam utekveld
  • Eit arr etter sigarettbrennmerke på handa (det var ikkje meg)
  • Eit sår etter sigarettbrennmerke i munnviken (det var framleis ikkje meg)
  • Dårleg råd
  • Arr på knærne etter krabbing frå Storting til slott
  • Avsmak på frossenpizza etter å ha eti to stykker på 20 min
  • Eit arr på overleppa forma som ein Hitlerbart
Noko sånt.

No gler eg meg berre til eg kan ta på russebuksa neste år. Ein gong russ, alltid russ!






(Eg tøysa)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv hvem du er, ellers kommer jeg og tar deg.