12.5.10

Spynorsk mordliste

Eg har alltid vore heldig med eksamen. I tiande kom eg opp i KRL og engelsk, i første kom eg ikkje opp, og i andre kom eg opp i engelsk munnleg. Livet var liksom på mi side. Difor tenkte eg at det kom til å gå slik i tredje òg. No som det verkeleg tel, liksom. Eg var nær å kaste nynorskordlista etter tentamen, og var skråsikker på at eg aldri skulle bruke han igjen. Så feil kan ein altså ta.

Eg kom opp i engelsk igjen, sjølvsagt gjorde eg det, det har jo blitt reine tradisjonen nå. Men, som de kanskje skjønar, med alt snakket om nynorsk, kom eg opp i det faget eg fryktar mest av alt (sett bort frå gym, men det kan ein ikkje kome opp i). Jau då. Ikkje nok med at det er ein norskeksamen ekstra, liksom. Hvilket inneber grufulle oppgåver og stress. Du skal skrive han på halvparten av tida du vanlegvis ville brukt på ei slik oppgåve, for du skal rette han også. Og nynorskretting er noko av det eg er mindre glad i her i verda.

Den oppmerksame lesaren vil no ha merka at dette innlegget er skrive på nynorsk. (Vel, i kvart fall eit slags forsøk på ein etterlikning av nynorsk. For det er allmenn kunnskap at ein aldri lærar seg nynorsk.) Eg skal nemleg skrive nynorsk heilt til eg er ferdig med eksamen. For å bli flinkare, for å stille hjernen om til det. Blogg, SMS, notat, facebook: alt skal gå føre seg på nynorsk. Men for at dette prosjektet skal gå bra, for at eg skal få utbytte av det, ber eg dykk om hjelp: Viss de ser feil eg gjer, rett dei. Ver så snill. Så blir alle glade.

2 kommentarer:

  1. Eg skjønar ikkje kvifor nynorsk (sidemål, that is) er definert som eit trekkfag hjå Utdanningsdirektoratet. Dei trekk jo ut alle dei som ikkje har fritak frå sidemål uansett! Det er i alle fall inntrykket eg sit igjen med etter å ha sett årets og fjorårets trekk på Asker.

    SvarSlett
  2. "Vel, i kvart fall eit slags forsøk" - alle fall, ikke kvart fall. Ellers ser det bra ut!

    SvarSlett

Skriv hvem du er, ellers kommer jeg og tar deg.